Hjuringen  
BUDSTIKKE FOR

Norsk Lur- og Bukkehornlag  


INTERESSEORGANISASJON FOR UTØVERE, TILVIRKERE OG SYMPATISØRER

NUMMER 1 2013


NUMMER 1 /2011 - 1/2012


NUMMER 2            November 2010


NUMMER 1            Mars 2010



NUMMER 2            September 2008



NUMMER 1            April 2008



NUMMER 2            Oktober 2007

NUMMER 1            Mai 2007



NUMMER 3      JULENUMMER       Desember 2006


NUMMER 1 og 2       DOBBELTNUMMER       September 2006

 NUMMER 2      Jubileumsårgang 10     Desember 2005


 NUMMER 1            Jubileumsårgang 10               Mai 2005


Hjuringen  
BUDSTIKKE FOR

Norsk Lur- og Bukkehornlag


INTERESSEORGANISASJON FOR UTØVERE, TILVIRKERE OG SYMPATISØRER


 NUMMER 3                                      ÅRGANG 9                                  Desember 2004

Det er kun utdrag fra det ellers så eminente medlemsorganet som vises i elektronisk format.


Frå leiaren

Eg har verkeleg ei god føling av at det har skjedd mykje bra i laget og for lur- og bukkehorn-saka i haust. Fyrst hadde me fagseminar i september. Det utvikla seg til å verte ein verkeleg triveleg dag med både medlemmer og ikkje-medlemmer tilstades større og mindre delar av dagen. Bukkehorn-makarfilmen gjekk oppatt og oppatt for nye sjåarar og underteikna gjekk nærast i fast rute mellom salen og kaffi-traktaren.
Sundagen etter gjennom-førde me nok ein vellukka lur- og bukkehorndag på Norsk Folkemuseum. Publikum får verkeleg mykje vellyd for pengane denne dagen.
Sidan har det vore arrangert - så langt eg har oversikt - helgekurs i lurspel i Stavanger, Hardanger og Ålesund.
Norsk lur- og bukkehornlag har ikkje vore involvert som medarrangør av desse kursa - det er enkeltpersonar tilknytt laget som har vorte spurt om å vera lærarar - men NLB er sjølvsagt monaleg marknadsført desse helgene. Det skal bli interessant å sjå om det vert ei oppbløming på Vestlandet no. Me har i alle fall fått nokre fleire medlemmer kan eg sjå.
Eg har og høyrt rykte om at det er nokre damer i Sør-Trøndelag som har aukande aktivitet og tek speleoppdrag på strak arm. Kjempeflott!
Men nok ein gong den faste oppmodinga: Hjuringen sin redaktør vil gjerne ha rapportar om ymse aktivitetar.
Det står att eit arrangement i år: Julebord i samarbeid med Laget for Folkemusikk i Oslo. Dette vert eit arrangement med mykje godt-folk og eg er lei meg på eigne vegne for at eg ikkje har høve til å vera med. Men eg vonar at NLB-medlemmer møter mann-/kvinne-sterke opp og bidreg til ein vellukka kveld PÅ ALLE MÅTAR.

Lev vel, nytt dei lange kveldane til noko du har lyst til og ha ei GOD JUL!
Eilif



      




Hjuringen  
BUDSTIKKE FOR

Norsk Lur- og Bukkehornlag  

INTERESSEORGANISASJON FOR UTØVERE, TILVIRKERE OG SYMPATISØRER


 NUMMER 2                                      ÅRGANG 9                                      SEPTEMBER 2004

Det er kun utdrag fra det ellers så eminente medlemsorganet som vises i elektronisk format.

 

Frå leiaren.
Det skjer stadig noko i folkemusikk-Norge, også på organisasjonssida. Årsmøtet for LfS i 2003 gjorde vedtak om å lage ein strategi for LfS i åra framover. Og på landskappleiken i Eidfjord vart resultatet presentert av leiar Randi Skeie og Arild Hoksnes – og barnet skal heite folkemusikk.no.
Tankane bak folkemusikk.no representerer ei kraftig vitalisering av LfS. Organisasjonen har til tider verka noko baktung og prega av vanetenking og med tradisjonell plassering av fokus på kva LfS skal arbeide med. NLB og andre ”særlag” har difor oppstått som eit supplement til LfS og samtidig synleggjort mangfaldet i norsk folkemusikk.
Eg har hatt gleda av å delta på to møter i LfS-regi om vegen framover. Eg har poengtert at NLB ikkje er ein konkurrerande, men ein likeretta organisasjon med LfS, og at NLB gjerne samarbeider med LfS når me vert invitert til samarbeid og me finn det naturleg å samarbeide med LfS.
For omverda har det vore noko vanskeleg å skjøne at norsk folkemusikk treng så mange organisasjonar som me har (jfr. Arnestad-rapporten). Det vert oppfatta som oppsplitting, splid og konkurranse i eit lite miljø. Dette svekkar vår tyngde når norsk folkemusikk møter media, byråkratar og politikarar. Eg vonar difor, med tid og stunder, at det oppstår ein paraply der heile folkemusikkmiljøet kan stå samla når det trengs. Me har allereie sett vellukka eksempel på at samarbeidsprosjekt har gjeve utteljing.
Vil så ”særlaga” forsvinne? Eg trur ikkje det så langt eg kan sjå. Trongen til å ha ein sosial, og ikkje minst fagleg, møteplass med likesinna er sterk. På veg inn til ei tevling i Kyrkja i Eidfjord (som var arena for kveding og alle dei ymse eldre instrumenta) møtte eg ein oppglødd langeleikutøvar som proklamerte at ”no skal me starte langeleik-forum”. Eg veit ikkje korleis det har gått, men vonar at me har fått, eller får, eit nytt tilskot på folkemusikk-treet. Når greier så slåttetromme-utøvarane å tromme seg saman til samling?

Lev vel. Eg vonar at me sjåast så mange som råd i Oslo i september.

Eilif



Hjuringen  
BUDSTIKKE FOR

Norsk Lur- og Bukkehornlag  

INTERESSEORGANISASJON FOR UTØVERE, TILVIRKERE OG SYMPATISØRER


 NUMMER 1                                       ÅRGANG 9                                       APRIL 2004

Det er kun utdrag fra det ellers så eminente medlemsorganet som vises i elektronisk format.

                        

Frå leiaren.
Påska nærmar seg med stormskritt i skrivande stund. Då skal me – på nordmanns vis – gjennomføre eit rituale som eigentleg er heilt naturstridig: her oppe i fjellbygdene har me gjort det beste ut av vinteren med glashard is i bratte gardsvegar, vassrøyr som frys i fjøset, vedbæring og elles varma oss med prat om at januar ikkje var så kald som i fjor. Og det som er berginga, er vissa om at det kvart år vert vår med fuglesong, sildrande bekkar og angen av nytt liv. Og dei fyrste vårteikna har kome. Kva gjer me då? Jau, då rustar me oss ut til ekspedisjon. Me reiser opp i fjellet og snøen med klister og eit vakent blikk for det fyrste vårtegnet – og i følgje kjeringi for at eg skal få gått på ski i år. Jau då, alt er ved det gamle.
Men i Norsk Lur- og Bukkehornlag skjer det noko nytt i desse dagar. No skal me (omsider) få heimside på internett. Knut Skrindo og Magnar Storbækken har teke på seg jobben med å etablere sida og me ser fram til å sjå kva dei kjem opp med. Det er ikkje det at eg trur ei heimeside representerar noko kvantesprang i lags-soga, men viss me greier å drive sida som ein bør gjera, så representerer den ein ny kommunikasjons-kanal både internt i laget og mot omverda. Og det eine er like viktig som det andre. Laget tel idealistiske, ressurssterke og meinings-sterke medlemmer, men me bur spreidd og det kan vera så som så med den personlege kontakten. I e-mail-korrespondansen i styret etter jul (det er slik me heldt styremøte) har det kome fram at nokon i medlems-massen synes dei har liten føling med og innverknad på kva som føregår i laget og i styret. Eg har ei von om at kanskje heimesida kan betre på dette. I ein travel kvardag er det ofte lettare å sjå etter på nettet eller sende ein e-post når ein sjølv har høve, enn å nytte ledige stunder til å ringe etter ein person 12 gonger før han eller ho er tilstades og ledig for ein prat.
Sjølv har eg no freista å få kontakt med ein elektrikar – avtalen var at eg skulle ringe han – i fire samfulle dagar. I morgon skal eg spore opp e-mail-adressa hans.

Lev vel og nyt våren.
Eilif

Konsertomtale av Karl Seglem
- Odd Sylvarnes Lund -

Mandag 22. mars holdt Karl Seglem platesleppkonsert på Smuget i Oslo. Med seg i bandet hadde han Håkon Høgemo på fele/hardingfele, Gjermund Silset på el.bass og Helge Norbakken på slagverk. I tillegg fikk vi høre gjesteartistene Berit Opheim på sang og Nicolai Ivanov på tambura (og sang), et bulgarsk strengeinstrument. Karl spilte på to forskjellige bukkehorn, et leppevibrert og et med flis, foruten tenorsaxofon. Det ble en praktfull konsert. Nennsomt – Mektig – Vart – Sugende – Suggererende – Groovende. Flotte arrangementer – sikkert framført. Karl Seglem er en førsteklasses bukkehornist i sin sjanger, og saxofonspillet er liksom tilpasset hans bukkehornuttrykk – helt spesielt.
Noe av det særegne ved denne konserten var naturligvis instrumentariet. Trommisen spilte på svært uvanlige trommer (til å være et batteri), for ikke å snakke om redskapen han brukte til å slå på instrumentene. Aldri trommestikker eller vanlige visper, men mye annet rart, f. eks. en slags forvokste kjøkkenvisper. Og alt dette brukte han på en herlig måte.
Vi fikk spennende klanger, det svingte så det suste, og det passet perfekt til konseptet med bukkehorn, fele/hardingfele og folkesang. Slike svært spesielle effekter i slagverket kan lett bli krampaktige. Men takket være Norbakkens dyktighet og musikalske smak, gikk det rett i hjertene på de tilstedeværende. Et godt valg. I det hele tatt fungerte ensemblet meget godt. Og lydbildet var også bra. Det eneste jeg hadde å utsette var at fela/hardingfela kom for lite fram i lydbildet. Når man først har med selveste Håkon Høgemo, bør han etter min mening balansere bedre med de andre. Men spillet hans var som vanlig førsteklasses. Og Seglem styrte det hele med den tyngden en skikkelig bandleder skal ha.
En sterk opplevelse. Bravo, Karl! Og lykke til med den forestående turnéen til inn- og utland!


Tungeluren; lur- og bukkehornfamiliens sorte får?
Tungeluren er bedre kjent som ”Østerdalsklarinetten”; et navn som bygger på at instrumentet mest sannsynlig stammer fra Østerdalen og at det blåseteknisk er et rørblad- eller klarinettinstrument.
I 1991 tok Atle Lien Jenssen kontakt med meg for å prøve å ”blåse liv i” et instrument han hadde fått tilgang til på Glomdalsmuseet i Elverum. Instrumentet var registrert som ”fløyte” i 1912 og kom antageligvis fra Østerdalen.
Atle hadde lagd nøyaktige tegninger og en kopi av instrumentet som vi brukte som utgangspunkt for et, etter vår mening, forbedret instrument: ”Østerdalsklarinetten”.
Det som kjennetegner instrumentet er:
1) Instrumentkroppen er satt sammen av to uthulte halvdeler og kledd med never; som en liten neverlur.
2) Munnstykket er skråkappet slik at rørbladet eller tunga blir bøyd over en knekk på røranlegget; som et tungehorn.
Med andre ord kan vi her snakke om en tungelur. Den bukkehorntypen som tidligere var dominerende i Østerdalen var tungehornet. Det er derfor ikke så vanskelig å forestille seg at en foretaksom håndverker ”forbedret” luren med et munnstykke og blåseteknikk han kjente fra bukkehornet. Fingerhullene fulgte da naturlig med på et så kort instrument (eller omvendt!).
Når det gjelder inspirasjon til å lage ”nye” instrumenter kan vi ha i minne at kjerneområdet for tunge/klarinett- instrumenter ligger i nærheten av Finnskogen; også på svensk side. Finnene har en stor og mangfoldig rørbladinstrument- familie. Hva hadde finnene som kom til Norge/ Sverige på 1600-tallet med seg? Som i våre dager hadde innvandrerne med seg det kjæreste de eide; musikken og dermed instrumentene.
Som det går frem av overskrifta på dette innlegget, mener jeg at Østerdalsklarinetten må innlemmes i lur- og bukkehornfamilien. Et slik forslag vil forhåpentligvis medføre en heftig debatt her i Hjuringen.

Livet er herlig, dere!
Magnar Storbækken.

 


 

 


Ansvarlig for disse sidene er NLB ved styret.
Spørsmål til NLBs nettpublikasjon rettes tilnettansvarlig <nettansvarlig på lurogbukkehorn no>.