Fyrispel e. Helge O Strand, Ål / Koma guta liggje e. Knut Sandanbråten, Nes
Eilif Gundersen, neverlur.

Foto Bent Åserud


Velkomen til Norsk Lur- og Bukkehornlag si heimeside.

På tross av dei alderdommelege instrumenta, er laget ungt. Det vart stifta av 4 entusiastar i 1996: Odd S. Lund, Jørn Simenstad, Magnar Storbækken og Eilif Gundersen.
Laget vart stifta ut frå eit ynskje om å ha eit forum for desse "eksotiske" instrumenta og med eit stille håp om at det kunne bli 10 og kanskje enda fleire medlemmer etter nokre år. Me tel i dag 180 medlemmer. Denne medlemsmassen representerer stor interesse for og kunnskap om instrumenta, noko som m.a. kjem til syne i medlemsbladet "Hjuringen".
Me har og opplevd eit kraftig oppsving i aksept for og forståing av musikken på lur og bukkehorn både i og utanfor folkemusikkmiljøet. Instrumenta er ikkje lenger nedstøva relikt i ein mørk krok, men kan opplevast på konsertscenen, i julekalendermusikk, på plateproduksjonar osb. osb. Og reportoaret spenner frå tradisjonell folkemusikk til nyskreven samtidsmusikk.
Ingenting kan slå urkrafta i luren og melankolien i bukkehornet.













Ansvarlig for disse sidene er NLB ved styret.
Spørsmål til NLBs nettpublikasjon rettes til nettansvarlig <nettansvarlig på lurogbukkehorn.org>.